Bilmekanikar - Førde

Auto 8-8 Forum blei i april 2018 del av eit konsern - Auto 8-8, som tilsaman omsette for 1,3 milliard i 2022 og med budsjett på 1,6 milliard for 2023. Auto 8-8 har meir enn 200 tilsette og 8 nybil forhandlarar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal samt Bodø. Auto 8-8 Forum er forhandlar av Ford i Sogn og Fjordane og Hyundai i Sogn og Sunnfjord. Vi har avdeling i Førde og Florø, omset for 167 mill og er 28 tilsette. Auto 8-8 Forum samarbeider med Leikanger Auto i Sogn og Stryn mek i Nordfjord. Vi har mange dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. No treng vi fleire!

Her vil du jobba på eit lag der trivsel, arbeidsmiljø og samarbeid er viktig.
Me er ein triveleg gjeng som brenn for bil og gode kundeopplevingar og håper du gjer det same.
Hos oss vil du få jobba med to av dei beste bilmerket i verda, Ford og Hyundai!

Me søker deg som

  • Har fagbrev som bilmekanikar, eller relevant erfaring.
  • Har lyst til å jobba med sterke merkevarer hos ein solid forhandlar
  • Er løysnings- og resultat-orientert
  • Er serviceinnstilt, kvalitetsmedvite og har gode samarbeidsevner
  • Har evne til å kommunisera på norsk munnleg og skriftleg
  • Ynsker å utgjere ein viktig del av eit fantastisk mekanikarteam som spelar kvarande gode

Oppgåver

  • Service og vedlikehald
  • Reparasjonar
  • Diagnose og feilsøking
  • Programmering

Vårt løfte til deg

  • Stilling som bilmekanikar i eit solid bilkonsern
  • Vi har eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som er engasjerte og opptekne av å prestera godt saman.
  • Jobben inneber moglegheita til ein allsidig og variert arbeidskvardag som du i stor grad styrer sjølv.
  • Du vil jobba i ei bedrift med ein offensiv strategi, med svært spennande produkt, no og for framtida.
  • Ein jobb med mykje ansvar, god opplæring og konkurransedyktige vilkår, inkludert moglegheit for bonus
  • Deltaking i iportøren sitt utviklings- og kompetansehevingsprogram, dette sikrar sterk og god merkekompetanse

Auto 8-8 er ei bedrift med framoverlent strategi, med svært spennande produkt båd no og for framtida.
Bedrifta er godkjent lærebedrift og gir gjennom dette moglegheit for å styrke rekrutteringa til bilbransjen.
Vi er sertifisert Miljøfyrtårn. Vi tilset fortløpande.

Søk her >>>

Vil du vite meir, ta kontakt med ettermarkedssjef:

Arild Åsen
tlf 928 16 260

eller

Dagleg leiar
Ole Nikolai Løbø
tlf 977 60 004