Auto 8-8 Forum, Florø - Om oss

Velkommen til Auto 8-8 Forum. Vi er din lokale forhandlar av Ford og Hyundai i Sunnfjord og Sogn. Du finn oss i Leirvåggata 29 i Florø og på Sanderplassen 2 i Førde. Auto 8-8 Forum er eit komplett bilhus og hjelper deg med kjøp av ny eller brukt bil, med service eller PKK/EU kontroll, verkstadtenester, glasskader og bilskader.

Kundeopplevelse i førersete

Vi har stort fokus på at alle våre kundar skal oppleve at dei blir godt ivaretatt hos oss.

For at våre seljarar skal kunne gje deg den beste rådgjevinga, blir dei kontinuerleg kursa på våre bilmodellar, finansiering og forsikring.

Vi sender alle våre mekanikarar på kurs hos våre importørar for at dei alltid skal ha den beste kjennskap til våre merker.

Når vi har utført ei teneste for deg, setter vi stor pris på di tilbakemelding. Vi jobbar til ei kvar tid med å forbetre våre tilbod og tenester til deg som kunde.

Vi er medlem av Norges Bilbransjeforbund. 

Velkommen til eit trygt bilkjøp.

Historie

Auto 8-8 har ein lang og tradisjonsrik historie som Ford-forhandlar. Verksemda blei starta i Florø i 1945, av Olav Sande. Sande Bilsenter AS blei Ford forhandlar i Florø i 1945. Etter ein konkurs i 1992, blei bedrifta starta opp igjen som AutoForum. I 1997 kjøpte AutoForum opp Førde Autoco som då var Ford forhandlar i Førde.

Etter kvart som Førde blei bilbyen i Sogn og Fjordane, flytta AutoForum hovudkontoret sitt til Førde, der det i dag ligg langs E39 gjennom byen.

I mars 2018 blei AutoForum AS kjøpt av Auto 8-8 gruppa. Dette er ei gruppe med 8 nybil forhandlarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

AutoForum skifta namn til Auto8-8 Forum AS.

[text-dark-green] Velkommen til vårt bilhus i Leirvåggata! [text-dark-green]